– Vi har konkludert med at vi skal leggje til grunn K5-alternativet for å løyse utfordringane mellom Bergen og Voss, sa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen då han presenterte avgjerda i Indre Arna 8. desember 2015.
– Det ble en veldig tidlig julaften i år. Dette er fantastiske nyheter. Ikke bare for Bergen og Voss, men på hele strekningen mellom Bergen og Oslo, sier Lars Christian Stendal, regionsjef for Jernbaneverket på Vestlandet.
«K5-alternativet» legg opp til å kutte reisetida med bil Arna-Voss frå 72 til 46 minutt, med mellom anna åtte nye tunnelar for bil og tog. Reisetida med tog på same strekninga blir kutta frå 63 til 24 minuttar.
Næringsministeren vil at Jernbaneverket og Statens vegvesen skal starte med strekninga Arna-Stanghelle.
– Det er den første strekninga dei skal fikse, så no blir det viktig å få den inn i NTP som skal bli vedtatt om eit år, sa Solvik-Olsen.