Grunneigar Nils Jamne ventar no på klarsignal frå kommunen på å starta utbygginga på Nethovdane. Det same gjer 3-4 nybyggjarar.

– Eg har hatt fin respons på interesserte som vil byggja i feltet. 3-4 er heilt konkrete, dei har sagt dei vil gå i gang så snart alt er lagt til rette for det, sier Jamne til VP.

Han ventar no på eit formelt løyve frå Vaksdal kommune på å setja i gang. Han håpar dette er like rundt hjørnet.

– Eg har folk som står klar, og dei er alt begynt å hogga ned tre i området. Så står anleggsmaskinene klare til å byggja vegar og leggja opp for vatn og kloakk til eit 20-tals tomter, fortel Jamne. I tillegg omfattar også planane hans bustadbygginga i Svene, eit område som ligg ovanfor barnehagen på Jamne. Samla utbyggingskostnad for dei to prosjekta er på 9 millionar kroner.

Kilde: Vaksdalsposten #3 torsdag 21. januar 2010