Vaksdal kommune er nominert til ein eigen pris for svært godt kvalitetsarbeid med å få ned sjukefråværet.
25.- 26. august skal over 800 personar samlast til kvalitetskonferanse i Oslo. Der skal statsråd Magnhild Meltveit Kleppa offentleggjera vinnarane. 51 av 138 kommunar i Kvalitetskommuneprogrammet har søkt om pris for kvalitetsarbeid i kategoriane oppvekst, pleie og omsorg og sjukefråværsreduksjon. Det er nominert tre kommunar til kvar av prisane.
Kilde: Avisa Hordaland